TORSDAG, 23 Februar 2012

Cretica Invoice 4.0.500 tilgjengeleg frå fredag 24. februar

Systemsmia har gleda av å informere deg om at den nyaste versjonen av Cretica Invoice er klar for nedlastning frå fredag 24. februar. Dette er versjon 4.0.500 og her er ein oversikt over nokre av nyheitene i denne versjonen.

 

Fakturagrupper (Pro versjonen)

Du kan opprette og plassere kundar i fakturagrupper. Til kvar fakturagruppe kan du tilegne kva fakturaoppsett som skal bli brukt. Dermed kan du bruka forskjellige fakturaoppsett på forskjellige kundar.

 

Nettbasert hjelpefil (Alle versjonar)

Cretica Invoice er i kontinuerlig utvikling og det er derfor viktig at oppdatert hjelpefil er tilgjengeleg heile tida. Derfor har vi valt å plassere denne på nettet.

 

Rediger fakturaoppsett (Pro versjonen)

Du har nå muligheita til å redigere alle fakturaoppsett som følgjer med i programmet. Er du ikkje fornøgd med oppsettet kan du ved hjelp av eit par klikk endre det slik at det passer ditt formål.

 

Ny datautvekslingsfunksjon (Alle versjonar)

Det er laget ein ny og betre funksjon for importering og eksportering av kundar og varer. 

 

Lagerbeholdning (Sta og Pro versjonen)

Du kan legge inn kor mange varer som er på lager og få varsel når varebehaldninga når eit kritisk punkt.

 

MVA endringar (Alle versjonar)

Det er nå blitt lettare å endre eller legge til MVA endringar i firmaprofilen.

 

Brukardefinerte felt på firmaprofilen (Pro versjonen)

Brukardefinerte felt er ekstra felt som du kan legge til for å lagra ekstra opplysningar. Slike felt har du nå på varer, kundar, timeføringar og på firmaprofilen.

 

Fleire fakturamaler (Alle versjonar)

Det er lagt til fleire fakturamaler som du kan nytte deg av.

 

Feilrettingar

Fleire småfeil er blitt fjernet.

 

Postet av Leif Nesheim i Cretica Faktura 0 Kommentarer
TORSDAG, 23 Februar 2012

GoeRaad.No

Systemsmia har hatt gleden av å tilrettelegge og klargjere nettsida til Goe Raad.

 

Systemsmia takkar for oppdraget og gratulerer GoeRaad.no med ny nettside.

Postet av Leif Nesheim i Nettsider 0 Kommentarer
ONSDAG, 16 Mars 2011

Frisørprogram under utvikling

Systemsmia driver å utviklar eit teikneprogram for frisørfaget. Ved å bruke dette programmet vil frisøren kunne teikne opp frisyrar og stiler raskt og enkelt.

 

Ein tidleg beta-versjon er testa ut med stor suksess på ein skuleklasse. Det vil komme meir informasjon om programmet etterkvart.

Postet av Leif Nesheim i Ornatrix 0 Kommentarer
ONSDAG, 15 Desember 2010

Cretica Faktura versjon 4.0 er klar for lansering

Etter mange månadar med utvikling og testing er nå endeleg Cretica Faktura 4.0 klar for lansering. Lanseringsdatoen er satt til 3. januar 2011. Programmet vil då være tilgjengelig for nedlastninga frå vår nettside.

 

Me har i denne versjonen lagt med fleire nye funksjonar som har vært ønsket av våre brukarar, og fleire feil er blitt ordna.

 

Ein annen stor endring er at Cretica vil komme i tre versjonar, gratis, standard og profesjonell. Gratis versjonen vil ha nokon avgrensingar i forhold til dei andre versjonane, og er laget for firma og enkeltmannsføretak som ikkje har behov for alle avanserte funksjonane som du finn i standard og profesjonell versjonane.

 

Meir informasjon vil komme på denne bloggen etterkvart som me nærmar oss lanseringsdatoen.

Postet av Leif Nesheim i Cretica Faktura 1 Kommentarer
SøNDAG, 31 Oktober 2010

Neste versjon av Cretica nærmar seg

Den siste månaden har fleire betatestarar fått prøve det som vil bli neste versjon av Cretica Faktura. Tilbakemeldingane har for det meste handla om småfeil som har vært funnet i programvara.

 

Men det er også kommen inn fleire forslag om nye funksjonar som me bør ha med. Nokre av desse funksjonane er allereie lagt til, medan andre vil komme til etterkvart.

 

Ein funksjon som me allereie har lagt inn og som me no testar ut er muligheita til å overføra forfallne fakturabeløp til ny faktura. Dermed vil uteståande beløp komme med på nye fakturaer.

 

Me har også flyttet ein del innstillingar frå program-innstillingar til profilinnstillingar. Dette opnar for muligheita til å f.eks. ha forskjellig fakturaoppsett på forskjellige firmaprofilar.

 

Meir informasjon om mye muligheiter og antatt utgivingsdato vil komme innan kort tid.

Postet av Leif Nesheim i Cretica Faktura 0 Kommentarer
SøNDAG, 05 September 2010

Litt språkstatistikk i Cretica

Har i tidligare innlegg omtalt litt statistikk rundt kjeldekoden som Cretica består av. Det som ikkje var nemnt var all teksten som ein finn i programmet.


Når ein utviklar dataprogram finnest det fleire måtar ein kan implementere tekstar som skal bli presentert til brukaren av programvare. Ein kan enten legge dei forskjellige tekstane inn saman med kjeldekoden, eller ein kan skilja desse ut i ei eige fil som ein då refererer til ved behov.


Med tanke på korrigering av tekst eller oversetting til andre språk er nok den luraste ideen å skilja teksten ut i ei eige fil, og det er dette me har gjort i Cretica.


Dette gjer det også veldig enkelt for oss å få oversikt over kor mykje tekst programmet består av.

 

Per dags dato finnes det i heile Cretica programvarepakken 1450 linjer med tekst. Beståande av i underkant av 7000 ord, og ca 50000 teikn. Dette vil gje oss ca 30 sider med tekst i standard størrelse.

 

Skjermdump av språktekster

Postet av Leif Nesheim i Cretica Faktura 0 Kommentarer
TIRSDAG, 24 August 2010

Neste versjon av Cretica er i rute

Sommaren er på hell og me i Systemsmia er endeleg kommen tilbake til normale tilstandar. Det vil seia at utviklinga av neste versjon av Cretica føregår for fullt og er i rute.

 

Den nye versjonen av Cretica vil ha fleire nye endringar som me trur brukarane vil sette pris på. Kan blant anna nemna eit forbetra grensesnitt på programmet.

 

Det er ikkje satt noen endeleg dato for ferdigstilling av den nye versjonen, men me reknar med at me vil kunne sende den til våre interne beta-testarar innan ein månads tid.

 

Er det noko du saknar i den gjeldane versjonen av Cretica og som du gjerne vil sjå i neste versjon er det berre å kontakte oss via kommentarfeltet under eller via kundestøtte senteret vårt.

 

Alle som kjem med gode idear som me vel å implementerer i Cretica 4 er med i trekninga av ein gratis versjon av programvaren.

Postet av Leif Nesheim i Cretica Faktura 0 Kommentarer
MANDAG, 08 Mars 2010

Utviklinga fortsett

Sjølv om det har vært rolig her på bloggen har ikkje utviklingen av neste Cretica Faktura versjon stoppet opp. Mange nye funksjoner er blitt lagt til og feil er blitt ordnet.

Noen utgivelsedato for neste versjon er ikkje satt, men det nærmer seg for kvar dag som går.

Har du ein ide til ein funksjon du ønsker å se i programmet er det berre å kontakte oss via kundestøtte funksjonen.

Postet av Leif Nesheim i Cretica Faktura 1 Kommentarer
SøNDAG, 29 November 2009

Utviding av Cretica Datautveksler

Me har den siste tida jobba med å gjere da mulig å eksportere data frå Cretica til Duett Økonomisystem. Denne utviklingen nærmar seg ferdig og me reknar med at innan 15-20 dagar skal denne funsksjonen være tilgjengeleg for kundar av Cretica Faktura.

 

Funksjonen krevar Cretica Professional for å kunna kjøyrast.

Postet av Leif Nesheim i Cretica Faktura 1 Kommentarer
SøNDAG, 01 November 2009

Kodesignering

Siste tilgjengelege versjon av Cretica Faktura har blitt påført kodesignering. Kodesignering er ein teknologi for at brukeren av programvare skal kunne stole på utgiveren. Ved å legge til ein slik kodesignering vil ein også få mindre sikkerhetsinnblanding frå operativsystemet.

Postet av Leif Nesheim i Cretica Faktura 0 Kommentarer
SøNDAG, 06 September 2009

Nettbutikk

Systemsmia har den siste tida jobbet med ein forbetret nettbutikk løysning. Denne er nå klar for uttesting og kan besøkast på http://nettbutikk.systemsmia.no.

 

Nettbutikken er framleis under testing og mindre feil kan forekomme.

Postet av Leif Nesheim i Firma nyheter 0 Kommentarer
LøRDAG, 22 August 2009

Oppdatert versjon av Cretica

Det vart for noen dager sidan oppdaget ein kritisk feil ved utsendelse av faktura på epost. Ein kode feil gjorde at vedlegget ikkje vart korrekt lagt til i eposten.

 

Denne feilen berørte ikkje den profesjonelle versjonen av Cretica Faktura. Dette er nå ordna  og alle som bruker epost funsksjonen bør derfor henta den den nyaste versjonen.

Postet av Leif Nesheim i Cretica Faktura 0 Kommentarer
TIRSDAG, 04 August 2009

Oppdatert versjon av Cretica

Ein oppdatert versjon av Cretica (3.0.90) er nå tilgjengeleg frå nedlastningssida. Det er blitt retta opp i fleire kjente feil, samt lagt til nokre nye funksjonar.

 

Ein av dei nye funksjonane som er tilgjengeleg er muligheiten for å minimera Cretica til systemstatusfeltet (sjå bilde). Når programmet er minimert vil ein oppsummeringskjerm komme opp med jevne mellomrom dersom det er endringer som brukaren bør være klar over.

Tray

Timeregistreringsprogrammet som er under utvikling nærmar seg snart teststadiet og utvalgte brukarar vil innan kort tid få tilgang til denne programvaren.

Postet av Leif Nesheim i Cretica Faktura 2 Kommentarer
SøNDAG, 26 Juli 2009

Cretica Faktura utviklingsfakta

Cretica Faktura har vært under utvikling over fleire år, og er etterkvart blitt ganske omfattande. Per dags dato består Cretica pakka av 5 programmer og mange eigenproduserte komponenter som dei forskjellige programma er avhengige av.

 

Til sammen består programmene av 101509 linjer med effektiv kode, i tillegg kjem eit stort antall linjer med kommentarer på koden. Kodane er fordelt på 485 forskjellige filer.

 

Kodane blir ved distribusjon satt samman til ca eit dusin forskjellige filer som blir installert på brukeren sin maskin. For å distribusjon applikasjonen bruker me eit installasjonsprogram kalla Installaware 8.

Postet av Leif Nesheim i Cretica Faktura 0 Kommentarer
TIRSDAG, 14 Juli 2009

Nytt produkt i Cretica serien under utvikling

Den siste tida har me konsentrert oss om utviklingen av vårt nyeste tillegg i Cretica serien, nemleg Cretica Timer.

 

Dette programmet er meint for å hjelpe deg som fakturerer arbeidstimer. Det virker slik at alle timer/arbeidstid/kostander osv blir registrert i Cretica Timer. Når du har registrert tilstrekkeleg med timer kan desse bli overført til ein faktura og gjort tilgjengeleg i Cretica Faktura.

 

Det er ikkje bestemt kortid dette skal være ferdig, men me er godt i gang og vil innen kort tid ha ein beta versjon klar til våre testere.

Postet av Leif Nesheim i Cretica Faktura 0 Kommentarer