SøNDAG, 05 September 2010

Litt språkstatistikk i Cretica

Har i tidligare innlegg omtalt litt statistikk rundt kjeldekoden som Cretica består av. Det som ikkje var nemnt var all teksten som ein finn i programmet.


Når ein utviklar dataprogram finnest det fleire måtar ein kan implementere tekstar som skal bli presentert til brukaren av programvare. Ein kan enten legge dei forskjellige tekstane inn saman med kjeldekoden, eller ein kan skilja desse ut i ei eige fil som ein då refererer til ved behov.


Med tanke på korrigering av tekst eller oversetting til andre språk er nok den luraste ideen å skilja teksten ut i ei eige fil, og det er dette me har gjort i Cretica.


Dette gjer det også veldig enkelt for oss å få oversikt over kor mykje tekst programmet består av.

 

Per dags dato finnes det i heile Cretica programvarepakken 1450 linjer med tekst. Beståande av i underkant av 7000 ord, og ca 50000 teikn. Dette vil gje oss ca 30 sider med tekst i standard størrelse.

 

Skjermdump av språktekster

Postet av Leif Nesheim i Cretica Faktura 0 Kommentarer